som bur i regionen. Helse Sør-Øst har ansvar for dei som bur i Agder, Vestfold og Telemark, Viken, Oslo og Innlandet. Helse Vest har ansvar for Rogaland og Vestland, medan helse Midt har ansvar for Møre og Romsdal og Trøndelag. Helse Nord har ansvar for dei som bur i Nordland, Troms og Finnmark og på Svalbard. Helseføretaka sitt ansvar for å sørge for spesia- liserte helsetenester avgrensar seg ikkje berre til å ivareta pasientar som treng spesialisert sjukehusbe- handling. Ansvaret til Helseføretaka omfattar òg å bidra til oppfølging av og samarbeid med primær- helsetenestene slik at ein sikrar gode pasientforløp. Etter Samhandlingsreforma har oppgåver og ansvar blitt overført frå spesialisthelsetenesta til kommune- helsetenestene (9). Formålet med Samhandlingsre- forma var mellom anna å: «sikre et bærekraftig, helhetlig og sammenheng- ende tjenestetilbud av god kvalitet, med høy pasi- entsikkerhet og tilpasset den enkelte bruker. Det skal legges økt vekt på helsefremmende og forebyggen- de arbeid, på habilitering og rehabilitering, på økt brukerinnflytelse, på avtalte behandlingsforløp og forpliktende samarbeidsavtaler mellom kommuner og sykehus. Den kommunale helse- og omsorgstje- nesten skal styrkes og spesialisthelsetjenesten skal videreutvikles.» (9). Eit døme på styrka samhandling mellom regionar og kommunar er at kvar av helseregionane og kom- munane skal ha ei regional koordinerande eining for habilitering og rehabilitering (10). Den regionale ko- ordinerande eininga i spesialisthelsetenesta skal ha oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstilbodet i sin respektive helseregion, og vere eit knutepunkt for samarbeid mellom spesialist- og kommunehelse- tenesta. Sjølv om helseføretaka er ein sentral samar- beidspartnar, må kommunane løyse sine oppgåver innanfor dei rammene dei har, med det personalet dei har til rådvelde. I følge SSB vil det vere mangel på ergoterapeutar i Noreg framover, med ei estimert underdekning på 500 ergoterapeutar fram mot 2035 (11). Ei offentleg utgreiing frå 2019 viser at rekrutte- ringsproblema våren 2018 var størst innan helse- og sosialtenestene, der rundt 29 prosent av verksemde- ne rapporterte at dei enten ikkje hadde lukkast med å rekruttere kvalifisert helse- og sosialpersonell dei siste månadane, eller at dei hadde tilsett nokon med lågare eller annleis kompetanse enn det dei leita etter (12). Forsking på nyoppretta kommuneergote- rapeutstillingar sidan 2014 indikerer at dei fleste nye stillingane vart oppretta i større, sentrale kommunar (13). Å rekruttere og behalde helsepersonell er ein viktig tematikk i heile Noreg, men særleg i Nord-No- reg. Av helseføretaka var det Helse Nord som hadde størst mangel på arbeidskraft i helse- og sosialte- nestene i høve til ønska sysselsetting våren 2018 (12). Ei slik skeivrekruttering kan i verste fall føre til geografiske ulikheiter i tilgang til ergoterapitenester, noko som kan gå ut over innbyggarane si helse og livskvalitet. På landsbasis veit me noko om kven kommuneer- goterapeutane er; dei fleste er kvinner, om lag helvta har vidareutdanning, og dei har gjennomsnittleg 16,4 års erfaring frå tenestene (14). Dei fleste (tre av fire) jobbar fulltid, og dei bruker om lag helvta av arbeidstida til klientretta verksemd (14). Det manglar likevel kunnskap om kompetansenivå og stillingshø- ve blant kommuneergoterapeutane i dei fire helsere- gionane. Meir kjennskap til kommuneergoterapeuta- ne sine stillingshøve i et samanliknande perspektiv vil kunne bidra til ei betre forståing av korleis er- goterapeutar har det i jobbane sine i ulike delar av landet. Til dømes vil det vere viktig å avdekke om rekrutteringsutfordringar kan knyttast til organisato- riske forhold og høve ved arbeidsplassen, som opp- levd autonomi på arbeidsplassen og relasjonar med kollegaer og leiar. Slik kunnskap vil òg kunne bidra med kunnskap i høve til å avdekke eventuell geo- grafiske ulikheit i helsetilbod, ergoterapikompetanse og kapasitet i kommunehelsetenestene, mellom dei fire helseregionane. FORMÅLET MED STUDIEN Formålet med denne studien er å undersøke likheiter og skilnadar mellom helseregionane i Noreg med tanke på dei tilsette kommuneergoterapeutane. METODE DESIGN OG FØREBUINGAR For å finne ut om det var skilnadar mellom kom- muneergoterapeutar i ulike regionar, valte me å gjennomføre ei tverrsnittsundersøking ved hjelp av ei elektronisk spørjeundersøking. Populasjonen var ergoterapeutar som var: (i) medlem av Ergoterapeutene (ii) registrerte som tilhøyrande kommunesektoren (KS-området) For å sikre at spørsmåla og svaralternativa var forståelege og relevante, vart det gjort ei pilotunder- søking blant sju personar i målgruppa. Desse ergo- 38 Ergoterapeuten 5–2022
Download PDF file
Archive