INNLEIING Å sikre likeverdig tilgang til helsetenester, uavhengig av diagnose, geografi, sosioøkonomisk status, kjønn og alder, er eit viktig helsepolitisk premiss i Noreg (1). Ei av målsettingane med å gjere ergoterapi til ei lovpålagt teneste i norske kommunar i 2020 var nettopp å utjamne skilnadar mellom kommunar og sikre alle borgarar lik tilgang til ergoterapikompe- tanse. I følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) var det ei stabil auke i ergoterapeutstillingar i kommunane, frå 1945 stillingar i 2015 til 2439 stillingar i 2019 (25 pro- sent auke totalt) (2). Om lag halvparten av norske ergoterapeutar arbeider i primærhelsetenestene, og ein reknar med at talet på kommuneergoterapeutar kjem til å auke framover (3). Sjølv om ergoterapi slik er ein sentral profesjon i kommunehelsetenestene, veit ein relativt sett lite om samansettinga og orga- niseringa av denne gruppa i Noreg. I denne studien vil me sjå nærare på om samansettinga av ergote- rapeutar er i tråd med prinsippet om lik tilgang til helsetenester, men først vil me skildre eksempel på ulikheit i helse og knytte dette opp mot nokre geo- grafiske høve. Det er stadfesta at sosioøkonomiske og sosiale høve er med på å skape og oppretthalde ulikheit i helse mellom grupper i befolkninga. Til dømes er lang utdanning og høg inntekt assosiert med meir positive helseeffektar enn dei som manglar dette (4). Sosiale helseskilnadar fell ofte saman med geografis- ke skilnader. Eit døme på dette er at det innad i Oslo kommune er skilnad på åtte års forventa levealder på menn som bur i høvesvis bydel Sagene eller bydel Vestre Aker (4). På landsbasis fann ein at levealderen er høgast på Vestlandet og lågast i Finnmark, Østfold og Hedmark (tal før regionreforma) (5). Statistikk frå Helsedirektoratet viser at det er store skilnader mellom helseregionane i høve til kor mange liggedøgn sjukehusa rapporterer. Pasientar som er utskrivingsklare skal skrivast ut til kommu- nane, som skal ivareta eventuelle behov for pleie og helsehjelp. Helsedirektoratet fann at talet på ligge- døgn auka i 2021, og at auken var størst i Helse Nord og Helse Midt, medan det var ein reduksjon i Helse Vest og Helse Sør-Øst (6). Sjølv om ikkje alle pasi- entar vil trenge oppfølging frå kommunehelsetenes- tene etter utskriving, er det likevel mogleg at desse skilnadane indikerer ulikheit i ressursar og kapasitet til å ta i mot, pleie og drive rehabilitering i kommu- nane som høyrer til dei ulike helseregionane. Ergoterapi er eit helsefag som handlar om å fremme helse gjennom aktivitet og å støtte men- neske i å utføre aktivitetar og delta i samfunnet (7). Fagforeininga til ergoterapeutane oppsummerer faggruppa sitt bidrag til å møte behova i samfun- net og den enkelte sine helseutfordringar med at ergoterapeutar bidrar til deltaking og inkludering, gjennom å anvende kompetansar om samspelet mellom person, aktivitet og omgjevnader (8). Er- goterapeutane sin fagkompetanse er innretta på å redusere gapet mellom individet sine føresetnader og omgjevnadene sine krav og bidreg med det til å utjamne ulikheiter i helse. Ergoterapikompetanse er òg berekraftig i høve til at ein satsar på å løyse ut ressursar hos den enkelte og fokusere på føre- bygging og rehabilitering framføre kompenserande og passiviserande tiltak. Sjølv om ergoterapi er ei lovpålagt teneste, er det enno fleire kommunar som ikkje har knytt til seg ergoterapiressursar. Om kom- munane ikkje har tilgang på ergoterapikompetanse, vil dette kunne føre til at personar med behov for rehabilitering og støtte til meistring i dagleglivet i større grad får tilbod om kompenserande pleie. Ein kan difor spørje seg om samansettinga av ergotera- peutar i norske kommunar er ein faktor som bidreg til geografisk ulikheit i helse. Eller ein kan stille spørsmålet annleis: Er samansettinga av kommu- neergoterapeutar i norske kommunar i tråd med prinsippet om lik tilgang til helsetenester uansett kva helseregion ein tilhøyrar? Noreg er delt inn i fire helseregionar: Sør-Øst, Vest, Midt og Nord. Nokre av skilnadane mellom hel- seregionane går fram av tabell 1. I kvar helseregion er det eit regionalt helseføretak som har ansvar for å sørge for spesialiserte helsetenester til personane Region Helseregion Sør-Øst Helseregion Vest Helseregion Midt Helseregion Nord Areal 110 000 km 2 43 432 km 2 56 300 km 2 112 000 km2 (+ Svalbard: 61 000 km2) Innbyggarar (n) 2 900 000 1 100 000 700 000 480 000 Tabell 1. Helseregionar – innbyggarar, areal, tilsette og inntekter. Tilsette (årsverk) 78 300 (59 800) 27 400 (21 300) 22 000 (15 000) 17 900 (13 200) Inntekter 2016 NOK 81,1 mrd. 28,8 mrd. 22,0 mrd. 17,9 mrd. Ergoterapeuten 5–2022 37
Download PDF file
Archive