Page number 44

Forsker i farten NAVN: Anita Dyb Linge STILLING: Postdoktor ved Høgskulen i Volda og Forsking og Utviklingsleiar ved Muritunet. Av Else Merete Thyness Forskar på fedme og arbeidsdeltaking, rehabilitering og avvergeplikt i møte med partnervald – Kven er Anita Dyb Linge? – Eg er gift, trebarnsmor og bur i den vakre bygda Valldal på Sunnmøre. Eg brukar nesten all mi fritid til turar ut i fjell og ved fjord, sommar som vin- ter. Eg vart utdanna ergoterapeut i 2001 i Oslo, har ein Master of Public Administration ved Copenhagen Business School og ein ph.d. frå Høgskulen i Volda. Nå jobbar eg som forskings- og utviklingsleiar ved Muritunet, eit rehabiliteringssenter i spesialisthelse- tenesta, og som postdoktor ved Høgskulen i Volda. Eg er aktiv i ulike forskingsnettverk, der i bland medlem i Nasjonalt fagleg råd for arbeid og helse. Vidare likar eg å vere med på å forme framtida og bidra til å skape rehabiliteringstenester som er bere- kraftige, dynamiske og framtidsretta. – Kva forskar du på? – Eg forskar på fleire områder, men per i dag er hovudtyngda innanfor tematikken fedme og arbeidsdeltaking, rehabilitering generelt og som postdoktor innanfor avvergeplikt i møte med part- nervald. Avvergeplikt i møte med partnervald, eller MANREPORT som prosjektet heiter, er det største forskingsprosjektet nasjonalt og internasjonalt som undersøker kunnskap, haldningar og erfaring med bruka av avvergeplikt hos profesjonsutøvarar og personar som er utsett for vald og har utøvd vald. Avvergeplikt er ein borgarplikt alle i Noreg har, og som er forankra i straffeloven paragraf 196, 282 og 283. Denne plikta handlar om at borgarar i Norge har ei plikt til å avverge straffbare forhold dersom det framstår som sikkert eller mest sannsynleg for at det vil førekome vald i nære relasjonar. Vald omfat- tar truslar, tvang, fridomsberøving, krenkingar og alvorlege og eller gjentatte mishandlingar. Denne plikta overgår teieplikt som mange av oss kjenner godt. Avvergeplikta er det dessverre ikkje så mange som kjenner godt til, og målet er at denne plikta må bli betre kjent blant profesjonsutøvere og også i befolkninga generelt. – Kva for ein forskningsartikkel er den beste du har lest og kvifor? – Det er vanskeleg å plukke ut ein artikkel, men eg har ekstra glede av å lese artiklar med eit litt meir teoretisk tyngde. Desse kan vi bruke i kvardagen til å forankre korleis vi som menneska handlar. Her vil eg nemne Albert Bandura sine artiklar. Kanskje spesielt artikkelen «Self-Efficacy; Towards Unifying Theory of Behavioral Change» frå 1977. Dette er ein artikkel som handlar om meistringstru og korleis fire kjelder påver- kar oss til å bygge trua på å klare ulike oppgåver. Men sjølvsagt, artiklar som presenterer resultat som ein kan bruke i praktisk kvardag er veldig rele- vante og. 44 Ergoterapeuten 5–2023

Page number 45

– Kva meiner du vi har behov for meir forsking om i ergoterapi? – Ergoterapifaget er veldig universelt. Eg har nok ein ekstra interesse for arbeidshelse, og på kva måte ergoterapeutar kan bidra til å påverke at personar kan vere aktivt deltakande i arbeidslivet. Eg har veldig tru på at arbeid og helse heng nært saman, og at arbeidsdeltaking kan vere veldig positivt sjølv om helsa er noko redusert. Eg tenker at det er veldig viktig at vi fokuserer på arbeidsevne og ikkje på helseutfordringar. I tillegg er eg ekstra interessert i korleis høg BMI påverkar oss i arbeidsdeltaking. Det er gjort lite forsking på kryssingsfeltet om vektre- duksjon og arbeidsdeltaking. medema gruppen 1983 • 2023 Innovativ stryring for elektriske rullestoler munevo DRIVE - styring for elektriske rullestoler, som baserer seg på Smartglasses. Brillene registrerer de lette hodebevegelsene og konverterer disse til styringssignaler, både for å kjøre stolen og justere alle dens elektriske funksjoner. Gå inn på www.medema.no eller bruk QR koden for å lese mer. Medema Norge AS - tlf 67 06 49 00 Ergoterapeuten 5–2023 45

    ...