FOTO: Svein Ole Storøy Divisjonsleiar for Samferdsel Infrastruktur, Mindor Alvestad. KJÆRE LESER! Norge er eit langstrakt land med både grisgrendte strøk, tettstadar og større byar. Det som knyter oss saman er ferdselsårer på land, i lufta og langs kysten. Dei gamle ferdselsårene på land er tufta på lang tradisjon og er blitt til etter krav som gjaldt då, men er oftast for svakt dimensjonert etter moderne krav. I dette nummeret av Kvartalet ønskjer vi å få fram at eit infrastrukturtiltak i dag er så mykje meir enn berre det synlege resultatet enten dette er ein veg, ei gate eller ei banestrekning. Tiltaket er som oftast ein konsekvens av lange og komplekse planleggingsprosessar der tverrfagleg samhandling og brukarmedverknad er avgjerande for sluttproduktet. Ein ny veg har for eksempel store konsekvensar for innbyggjarane i området avhengig av korleis ein legg til rette for sykkel og kollektivtrafikk, kor støyutsett omgivnadane blir, og om det er planlagt med universell utforming. Asplan Viak er gjennom vår tverrfaglege kompetanse og lange erfaring i stand til å optimalisere løysingar – både for å betre trafikkavviklinga – men også for å leggje best mogleg til rette for omgivnadane. Vi prøver så godt vi kan å forme prosjekta på ein funksjonell måte i tråd med enkeltmenneska sine behov, og med god estetisk tilpassing. I dei enkelte prosjekta er det ikkje berre den tverrfaglege samhandlinga som er viktig. Spisskompetanse innan dei forskjellige faga sikrar at kvaliteten blir høg. Blant mange fag som vi har i eige hus fokuserer vi i dette nummeret blant anna på vår nyvunne skredkompetanse og på tunnelfaget. Asplan Viak har gjennom meir enn ei tiårsperiode vore med på å forme den nye bydelen som omgir St. Olavs Hospital i Trondheim. Prosjektet har alt vunne mange prisar, også for uteanlegga. No er Olav Kyrres gate som går tvers gjennom området nominert til «Vakre vegers pris 2014». Det feirar vi med eigen artikkel om dette flotte prosjektet. Ein artikkel om tunnel i eit litt breiare nasjonalt perspektiv, men også med fokus på tunnelfaget, metodikk og regelverk, og utfordringar ved tunnelbygging, har fått plass i denne utgåva av Kvartalet. Gjesteskribent Eivind Grøv frå Sintef drøftar metodar for tunnelbygging i sin artikkel, bruk av TBM (tunnelbormaskin) og konvensjonell boring og sprenging. Sist men ikkje minst tar vi ein tur til «Rosenes by». Moldekontoret vårt har eksistert i heile 45 år og har i dag ein god tverrfagleg profil med hyggjelege og kompetente fagfolk. Vi håper du får ei «behageleg reise». God jul! Mindor Alvestad Divisjonsleiar Samferdsel Infrastruktur 5
Download PDF fil